Friend of a Friend

«Friend of a Friend» (norsk omsetjing 'ven av ein ven') er ein indiepopsong frå 2019 som vert framført av det tsjekkiske bandet Lake Malawi. Songen var det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[1]

Om songen endre

Songen er skriven av Jan Steinsdoerfer, Mikolaj Trybulec og Albert Černý, og den vert framført av indiebandet Lake Malawi. Songen vart sendt inn til Eurovision Song CZ, der vinnaren får representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest. Av rundt 300 innsende songar, vart «Friend of a Friend» plukka ut som ein av åtte finalistar til finalen. Songen vann finalen og vart dermed det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019.[2]

Eurovision Song Contest endre

I januar 2019 vart Tsjekkia trekt til å deltake i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Tsjekkia har startnummer 6.[3] «Friend of a Friend» vart blant dei ti beste i sin semifinale og kvalifiserte dimed seg til finalen laurdag 18. mai.[4] I finalen kom songen på ellevteplass av 26 deltakarar.[5] Låten fekk blant anna 12 poeng frå den norske juryen.[6]

Referansar endre

  1. «Lake Malawi - Czech Republic — Tel Aviv 2019». Henta 8. mai 2019. 
  2. «Czech Republic: Lake Malawi to Eurovision 2019». 28. januar 2019. Henta 8. mai 2019. 
  3. «First Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 7. mai 2019. 
  4. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019. 
  5. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  6. «Norges juryformann om kritikken: – Vil ikke si at vi er uenige med folket» (på norsk). Henta 26. mai 2019.