Tsjekkia i Eurovision Song Contest
Tsjekkia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke åtte gongar. Tsjekkia er blant landa med dei dårlegaste resultata i tevlinga; berre tre gongar har Tsjekkia kvalifisert seg til finalen. Tsjekkia har òg komme sist i semifinalen to gongar. Den beste plasseringa til Tsjekkia i Eurovision Song Contest er ein sjetteplass frå 2018.[1]
| |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 4 | ||||
Internt | 4 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 2007 | ||||
Deltakingar | 8 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 2 (2019) | ||||
Finalen | 6 (2018) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | Sist (2007 og 2009) | ||||
Finalen | 25 (2016) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 761 | ||||
Finalane | 479 | ||||
Totalt | 1 240 |
HistorikkEndra
Tsjekkia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007, som det siste av dei sentraleuropeiske landa; nabolanda Polen og Slovakia debuterte allereie i 1994. Det er den tsjekkiske allmennkringkastaren Česká televize (ČT) som sender tevlinga i Tsjekkia, og som vel artist og song som skal representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest. I debuten fekk Tsjekkia den verst tenkelege starten, då gruppa Kabát kom heilt sist i semifinalen med songen «Malá dáma». Året etter kom Tsjekkia nest sist i sin semifinale, og i 2009 kom Tsjekkia heilt sist i semifinalen utan eit einaste poeng. Dei elendige resultata gjorde at Tsjekkia trakk seg frå Eurovision Song Contest i 2010 og skulda på liten interesse blant tsjekkarane og låge sjåartal.[2]
ReturenEndra
Fråværet varte i fem år, og i 2015 var Tsjekkia tilbake igjen i Eurovision Song Contest. Artistane Marta Jandová og Václav Noid Bárta vart valde internt av ČT til å representere landet med songen «Hope Never Dies». Heller ikkje denne gongen klarte Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen, men songen vart nummer 13 i semifinalen med 33 poeng - langt betre enn tidlegare resultat.
I 2016 lukkast det omsider Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen med Gabriela Gunčíková og songen «I Stand». Men deira fyrste finaledeltaking vart lite suksessrikt: «I Stand» fekk ikkje eit einaste poeng i telefonavrøystinga, og juryane gav songen 41 poeng. Det førte til at Tsjekkia kom nest sist i finalen med 41 poeng.[3]
I 2018 klarte Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen for andre gong. På førehand hadde det tsjekkiske bidraget vore blant favorittane til å vinne Eurovision Song Contest, og Mikolas Josef og songen «Lie to Me» kvalifiserte seg til finalen og endte til slutt på ein sjetteplass – det klart beste resultatet til Tsjekkia til no. Også i 2019 lukkast Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen med Lake Malawi og songen «Friend of a Friend».
BidragaEndra
År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||
2007 | Kabát | «Malá dáma» | Tsjekkisk | Ikkje kvalifisert | 1 | 28 | |
2008 | Tereza Kerndlová | «Have Some Fun» | Engelsk | 9 | 18 | ||
2009 | Gipsy.cz | «Aven Romale» | Engelsk | 0 | 18 | ||
2015 | Marta Jandová og Václav Noid Bárta | «Hope Never Dies» | Engelsk | 33 | 13 | ||
2016 | Gabriela Gunčíková | «I Stand» | Engelsk | 41 | 25 | 161 | 9 |
2017 | Martina Bárta | «My Turn» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 83 | 13 | |
2018 | Mikolas Josef | «Lie to Me» | Engelsk | 281 | 6 | 232 | 3 |
2019 | Lake Malawi | «Friend of a Friend» | Engelsk | 157 | 11 | 242 | 2 |
2020 | Benny Cristo | «Kemama» | Engelsk | Avlyst |
GalleriEndra
Kabat i Helsingfors 2007
RøystgjevingEndra
FinalaneEndra
|
|
SemifinaleEndra
|
|
ReferansarEndra
- ↑ «Czech Republic – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 26. desember 2016.
- ↑ Victor Hondal (22. juli 2009). «Czech Republic withdraws from Eurovision». esctoday.com. Henta 26. desember 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2016 Grand Final – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 26. desember 2016.
KjelderEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Tsjekkia i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2020.