Frikasse eller frikasse er ein matrett som typisk er laga av kjøtstykke og grønsaker som er kokt i ein saus.[1]

Kyllingfrikassé

Ein lager frikasse ved å dela kjøt og/eller grønsaker i mellomstore bitar og koka dei i buljong eller saus. Stuinga blir jamna med smør og fløyte eller eggeplomme.

I Noreg er lammefrikasse ein tradisjonell varliant.[2]

Etymologi endre

Det franske ordet fricassée er eit gammalt uttrykk som kan sporast tilbake til 1500-talet. Etymologien av verbet fricasser er usikker. Kanskje er det ei samansetjing av frire (å steike, sjå fritering) og casser eller quasser (å bryte i bitar).[3]

Kjelder endre

  1. «frikassé» i Nynorskordboka.
  2. Lammefrikassé, NRK Mat, henta 25. september 2016 
  3. «Online Etymology Dictionary». Henta 25. september 2016. 
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.