Jamning

Jamning er eit dialekttrekk som finst i dialektar i Trøndelag og på delar av Austlandet (særleg i Østerdalen, Gudbrandsdalen og Aust-Telemark). Utviklinga går ut på at endevokalen og rotvokalen i eit ord påverkar kvarandre og vert meir like eller heilt like etter prinsipp for vokalharmoni. Jamning finst i såkalte jamvektsord.

Kartet viser som har spor av jamvekt og jamning i norske dialektar. Det mørkeblåe området har jamning, som skildra i denne artikkelen. Begge dei markerte område har fenomenet jamvekt, som i det lyseblå området kjem fram med at ord med lang rotstaving (overvektsord) har endinga -e, medan ord med kort rotstaving (jamvektsord) har endinga -a.

Vi skil mellom utjamning, at vokalane vert heilt like, og tiljamning, at vokalane vert meir like enn dei opprinneleg var. Jamning har vi til dømes når dei gammalnorske orda vera og vika i dialektar med utjamning er vorte til høvesvis vårrå og vukku (vokalane er heilt like), medan det i dialektar med tiljamning kan heita værra og vækka (vokalane har vorte meir like).

Eit døme på jamning frå trøndersk:[1]

nynorsk gammalnorsk former med utjamning former med tiljamning
veke (subst., fem.) vika vokko (Indre Namdalen),vukku (frå Rørvik og sørover til Orkdal/Oppdal) vækka (Trondheim, Stjørdalen og Fosen),vekku/vøkku/vækkå/vekko (Nordmøre og Ytre Namdalen)
vera (verb, inf.) vera varra (Indre Namdalan),vårrå (frå Rørvik og sørover til Orkdal/Oppdal)
værra (Trondheim, Nordmøre og Fosen)

Utjamning finn ein stort sett i inntrøndersk og i jemtsk, medan tiljamning er vanleg i øvrig trøndersk, Trondheim bymål, Nord-Østerdalen og Gudbrandsdalen. Generelt kan det seiast at ein får meir jamning jo lenger nord ein kjem: I dialektane rundt Oslofjorden finst det ikkje spor av jamning, og etter kvart som ein kjem lenger nord i Oppland og Hedmark får ein stadig meir jamning. Det heile kulminerer med det trønderske kjerneområdet for jamning, der ein i indre mål òg har utstrakt bruk av utjamning.

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

  1. Jenstad, Tor Erik og Arnold Dalen (2002). Trønderordboka (2. utgave), s. 17-18. Trondheim: Tapir Akademisk forlag.