Frimann Clasen
Claus Frimann Dahl Clasen (fødd 7. juli 1894 i Kristiania, død 29. mars 1970 i Oslo) var ein norsk visedikter, underhaldar og moromann i radioen sin barndom. Han var kjend som Lyktemanden.
Frimann Clasen | |||
Fødd | 7. juli 1894 | ||
---|---|---|---|
Død | 29. mars 1970 (75 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Verka som | komikar | ||
Born | Paal Clasen |
Av yrke var Clasen assurandør og arbeidde i Storebrand. Seinare stifta han si eiga assuranseforretning.
Då Kringkastningsselskapet A/S tok til med sendingar frå Telegrafbygningen i Oslo i 1925, vart Lyktemanden første moromann i norsk radio. Han fekk eit faste program på ein halv time ein gong i veka. Frimann Clasen skreiv ei mengde revyviser, helst under pseudonymet Lyktemanden.
Lyktemandens vekerevy heldt fram etter at NRK overtok all kringkasting i 1933. Programmet gjekk heilt til 1940. Det inneheldt monologar, og satiriske og humoristiske viser om aktuelle hendingar.
Frimann Clasen var svært produktiv. Han skreiv om lag 3 000 viser for radio frå 1925 til 1940. I tillegg skreiv han ei stor mengd reklameviser, revyviser og slagertekstar. I 1947 trudde han at den totale produksjon var minst 10 000 viser, vers og høvesdikt.
I dag er han mest kjend som som opphavsmannen til «Lykkeliten», ein song han skal ha skrive då ein av hans eigne søner vart fødd.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Frimann Clasen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. september 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Lyktemanden hjå MICs nettavis
- Teksta til Lykkeliten Arkivert 2008-10-21 ved Wayback Machine.