Frisør
Frisør (frå fransk)[1] er eit yrke som går ut på å frisera, klippa, pleia og styla (ordna og setja opp) hår. Ei anna nemning for dette yrket er barber eller barberar, nemningar ein brukte i Noreg til 1934 som yrkestittel for herrefrisørar,[2] fagpersonar som klipper gutar og menn og barberer og steller skjegg.
Historie
endreFaget har opphav i eit eldre handverk, bartskjærfaget. Dette yrkjet omfatta i tillegg til klipp og stell av hår og skjegg fram til 1800-talet også medisinsk behandling som årelating, tannuttrekking, sårbehandling og liknande. På 1900-talet var yrket spesialisert etter kjønn, herrefrisør som klipte gutar og menn, og damefrisør, og utdanninga var noko ulik.
Utdanning
endreNoreg
endreI Noreg i dag er utdanninga til dette yrket innen utdanningsprogrammet Design og handverk, og består av to år på skule og deretter to år i lære i bedrift. Det fyrste skuleåret er Vg1 design og handverk og det andre skuleåret er Vg2 frisør.[3]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «frisør» i Det Norske Akademis ordbok
- ↑ «barberer» i Det Norske Akademis ordbok
- ↑ «Hvordan bli frisør?». nfvb (på norsk). Henta 12. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Frisør» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Yrkesbesskildring av frisør ved Utdanning.no
- Søkbar digitalkopi av Bjørn Svenssons Yrkeslære for frisørar (Universitetsforlaget, 1991)
- Søkbar digitalkopi av Hans Paul Finsruds Grunnleggende bransjekunnskap for frisører (Frisørbransjens forlag, 1995)
- Søkbar digitalkopi av Grete Haaland Sunds Grunnleggende hår- og hodebunnspleie for frisører (Frisørbransjens forlag, 1996)