Fritenkjar
(Omdirigert frå Fritenkar)
Omgrepet fritenkjar kjem opphavleg frå det engelske ordet free-thinker. Ordet vart bruka som ei nemning på ein person som i spørsmål om «dei ytste tinga» ville stå fritt i forhold til religion, dogme og andre autoritetar.
Ordet free-thinker vart først bruka av de engelske deistane på 1700-talet, og etter kvart fekk ordet allmenn utbreiing blant ei rekkje filosofar også i Frankrike og Tyskland.
Det fanst eigne fritenkjarklubbar i Noreg rundt 1900. Fritænkerklubben i Bergen var ein pådrivar når det gjaldt innføring av kremasjon, likbrenning, og den radikale likbrenningslova av 1912.
Mange fritenkjarar er livssynshumanistar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fritenker» frå Wikipedia på bokmål, den 24. desember 2006.
Litteratur
endre- Arne Bugge Amundsen, Henning Laugerud (2001): Norsk fritenkerhistorie 1500-1850. Oslo: Humanist Forlag (ISBN 82-90425-47-3)