Frits von der Lippe
Frits von der Lippe (1. juni 1901–5. september 1988)var ein norsk teatersjef, teaterkritikar, forlagsarbeidar og journalist. Han er kjend som leiar for Riksteatret, som han bygde opp frå grunnen i perioden 1949–68.[1]
Frits von der Lippe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. juni 1901 Ullensvang |
Død |
1. september 1988 (87 år) |
Yrke | journalist, teatersjef |
Språk | norsk |
Far | Jakob von der Lippe |
Mor | Hanna Castberg von der Lippe |
Frits von der Lippe på Commons |
Bakgrunn
endreLippe vart fødd i Bergen, men voks opp i Oslo. Etter eksamen artium jobba han eitt år som huslærar før han tok til å jobba som journalist for avisa Tidens Tegn 1920-21. I åra 1923-41 var han fast teatermeldar i avisa Morgenposten. Dei to siste åra i Morgenposten var han òg Oslo-korrespondent for den danske avisa Politiken, og han var fast kåsør for NRK sitt radioprogram Sett og hørt frå 1928 til 1931.
Frå 1930 til 1942 jobba han som forlagssekretær for Gyldendal. I krigsåra slutta han i jobben, men tok til att i same stillinga i 1945. I 1946 vart han forfremja til sjefssekretær. Han beheldt stillinga fram til 1949.
Teatersjef
endreEtter at han slutta i Gyldendal, søkte von der Lippe på stillinga som teatersjef i det nye statsfinansierte Riksteateret som Stortinget hadde vedteke oppretta, og vart tilsett av ein einstemmig komité. Opphavleg var stillinga meint som ei femårsstilling, men von der Lippe vart sitjande til han nådde pensjonsalderen i 1968. Under den inspirerande leiinga hans utvida teateret seg stadig på alle område.
Ved å gjera Riksteatret til eit teater for heile landet, realiserte von der Lippe ein av draumane sine; å bringa kunsten i teateret ut til folket. Han syrgde for at Riksteatret framførte eit vekslande repertoar med brei appell. Teateret vart etter kvart landsomfattande, talet på turnéar og premierar auka, og han bygde opp eit nettverk av teaterkontaktar. I sjefsperioden hans fekk Riksteateret ein sentral plass i norsk kulturliv. Ved tiårsjubiléet til Riksteateret i 1959 gav von der Lippe ut boka Rundt land og strand som handla om dei fyrste ti åra til teateret.
Då han gjekk av som teatersjef i 1968 vart han same året den fyrste som fekk Norsk kulturråds ærespris tildelt.[2]
Frits von der Lippe døydde i Oslo i 1988. Han var farfar til skodespelaren Anneke von der Lippe.[3]
Andre verv
endre- Formann Norsk Teater- og Musikkritikarlag (1947–(49)
- Styreformann i Statens Teaterskule (1953–71)
Utgjevingar
endre- Rundt land og strand. Ved Riksteaterets første milepæl – sakprosa (1959)
Kjelder
endre- ↑ Frits von der Lippe (15. februar 2009) i Store Norske Leksikon
- ↑ Thoralf Berg: Frits von der Lippe i Norsk Biografisk Leksikon
- ↑ «Fangst og beven». Dagbladet. 23.02.2008.
- Frits von der Lippe i Store Norske Leksikon
- Utdjupande artikkel om von der Lippe skriven av Thoralf Berg for Norsk Biografisk Leksikon.
- Denne artikkelen bygger på «Frits von der Lippe» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2010.