Fritz Wunderlich
Friedrich Karl Otto Wunderlich (fødd 26. september 1930 i Kusel i Rheinland-Pfalz, død 17. september 1966) var ein tysk lyrisk tenor kjend som Fritz Wunderlich. Han var i si tid ein av dei mest kjende songarane og tolkarane av lieder i Tyskland og gjorde ei kjend innspeling av Dichterliebe.
Fritz Wunderlich | |||
| |||
Fødd | 26. september 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kusel | ||
Død | 17. september 1966 (35 år) | ||
Dødsstad | Heidelberg | ||
Fødenamn | Friedrich Karl Otto Wunderlich | ||
Opphav | Tyskland | ||
Aktiv | 1955–1966 | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | tenor | ||
Plateselskap | Deutsche Grammophon | ||
Verka som | operasongar | ||
Gift med | Eva Wunderlich |
Wunderlich døydde under tragiske omstende rett før han fylte 36 år etter ei ulykke der han fall ned ei trapp i feriehuset til ein ven.
I 2008 vart Wunderlich kåra til den fjerde beste tenoren gjennom alle tider av lesarar av BBC Music Magazine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fritz Wunderlich» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2010.