Frode Olsen

norsk fotballspelar

Frode Olsen (fødd 12. oktober 1967 i Kristiansand) er ein tidlegare fotballspelar frå Stavanger som vakta det norske målet i 26 landskampar i tida 1995-2003.

Frode Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. oktober 1967 (56 år)
Stavanger kommune
Yrke fotballspelar
Høgd 189 centimeter

Olsen spelte for FK Vidar fram til og med 1989. 1990-sesongen sleit han reservebenken i Rosenborg, året etter var han fyrstevalet mellom stengene i Strømsgodset. Han spelte berre den eine sesongen for drammensklubben, ein sesong som vart avslutta med siger i cupfinalen på Ullevaal stadion.

Dei fem sesongane 1992-96 stod Olsen i mål for IK Start. Deretter var han Stabæk-spelar i tre år, 1997-99, alle desse åra vart han kåra til Årets målvakt. I sin andre sesong med bærumslaget var han med å vinne NM-finale for andre gong, Stabæk sigra 3-1 over Rosenborg etter ekstraomgangar.

Olsen spelte 2000-02 for spanske Sevilla FC og 2002-04 for Viking Fotballklubb i fødebyen Stavanger.

Merittar endre

Kjelder endre