Frontogenese er danninga eller forsterkinga av ein vêrfront eller ei frontsone mellom to luftmassar.

Under frontogenesen vert temperaturgradient sterkare og termalvinden kjem i ubalanse. For å oppretthalde balansen, vert den geostrofiske vinden over og under tilpassa, slik at det oppstår område med divergens og konvergens. Massebevaring krev ein vertikal transport av luft langs kaldfronten der det er divergens (lågare trykk). Sjølv om denne sirkulasjonen er skidlra som ei rekkje prosessar, skjer dei faktisk samstundes, og kan observast langs fronten som ein termalt direkte sirkulasjon.

Kjelder endre

«Frontogenese» i Store norske leksikon, snl.no.