Temperaturgradient

Temperaturgradient er eit uttrykk for det meste brukt i meteorologi og oseanografi som skildrar temperaturendring over ein viss avstand og i ein viss retning. Temperaturgradienten er ein dimensjonal storleik som er uttrykt i grader per lengdeskala. I SI-systemet er det kelvin per meter (K/m) som er brukt.

Matematisk skildring endre

Viss ein tenkjer seg at temperaturen T har ein enkel verdi og er ein kontinuerleg funksjon som kan kan deriverast i eit tredimensjonalt rom (ofte kalla eit skalarfelt) kan temperaturen skrivast:

 

der x, y og z er koordinatane i systemet. Temperaturgradienten er då ein vektor definert som

 

Vêr og klima endre

Temperaturskilnadar mellom to forskjellige punkt på jorda er svært viktig for vêr og klima. Absorpsjon av sollys på jordoverflata aukar temperaturgradienten og kan føre til konveksjon (ein prosess som skapar skyer og nedbør). På global og årleg basis vil dynamiske prosessar i atmosfæren og havet prøve og redusere dei store temperaturskilnadane mellom polområda og ekvator ved å flytte store massar med varm og kald luft og vatn.

Vêrfrontar er område der den horisontale tempraturgradienten er ekstra stor, og er grenseområde mellom kalde og varme luftmassar. Temperaturgradienten kan derimot endre seg ein god del på grunn av daglege variasjonar og årstidsvariasjonar i oppvarming og avkjøling.

Sjå òg endre

Referansar endre

  • Edward N. Lorenz (1967) The nature and theory of the general circulation of atmosphere, World Meteorological Organization, Publication No. 218, Geneva, Switzerland.
  • M. I. Budyko (1978) Climate and Life, Academic Press, International Geophysics Series, Volume 18, ISBN 0-12-139450-6.
  • Robert G. Fleagle and Joost A. Businger (1980) An Introduction to Atmospheric Physics, Second Edition, Academic Press, International Geophysics Series, Volume 25, ISBN 0-12-260355-9.
  • David Miller (1981) Energy at the Surface of the Earth: An Introduction to the Energetics of Ecosystems, Academic Press, International Geophysics Series, Volume 29.
  • John M. Wallace and Peter V. Hobbs (2006) Atmospheric Science: An Introductory Survey, Second Edition, Academic Press, International Geophysics Series, ISBN 0-12-732951-X.