Fuglar i flukt, original tittel på fransk: Le Peuple Migrateur, engelsk: Winged Migration, er ein dokumentarfilm frå 2001, regissert av Jacques Cluzaud, Michel Debats og Jacques Perrin.[2] Perrin har òg vore med å skrive kommentarane i filmen når dei følgde fuglar under trekk.

Le Peuple migrateur
RegiJacques Perrin, Jacques Cluzaud, Michel Debats Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Christophe Barratier, Jacques Perrin Sjå dette på Wikidata
ManusJacques Perrin, Jean Dorst, Stéphane Durand Sjå dette på Wikidata
MedverkandeJacques Perrin, Philippe Labro Sjå dette på Wikidata
KlippMarie-Josèphe Yoyotte Sjå dette på Wikidata
MusikkBruno Coulais Sjå dette på Wikidata
SjeffotografBernard Lutic, Thierry Thomas, Philippe Garguil, Dominique Gentil, Olli Barbé, Thierry Machado, Michel Benjamin, Stéphane Martin, Sylvie Carcedo, Fabrice Moindrot, Laurent Charbonnier, Ernst Sasse, Luc Drion, Michel Terrasse, Laurent Fleutot Sjå dette på Wikidata
DistributørSony Pictures Classics, Vudu Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato12. desember 2001[1]
Lengd98 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandFrankrike, Italia, Sveits, USA, Tyskland, Spania Sjå dette på Wikidata
Språkfransk, engelsk
Sjangernaturdokumentar, dokumentarfilm Sjå dette på Wikidata

Filmen er dedikert den franske ornitologen Jean Dorst.

Produksjon endre

 
Flyging saman med prega fuglar av fleire artar, biletet er ikkje frå opptak til denne filmen

Opptaka til filmen vart gjort i løpet av fire år på alle sju kontinent. Dei fleste opptaka er filma frå lufta, teamet brukte då eit kamera montert i ulike små flygefartøy, og sjåarane får inntrykk av å flyge saman med ei rekkje ulike artar, spesielt kanadagjæser. Dei trekkjer i alle slags vêrtilhøve over alle slags landskap, og flyginga skjer over store avstandar for at fuglane skal overleve i naturen. Filmskaparane eksponerte over 950 kilometer med råfilm for å lage dokumentaren på 89 minutt. I eit tilfelle vart filmarbeid gjennom to månader på éin stad redigert ned til mindre enn éit minutt i den endelege utgjevinga.

Mange av opptaka tatt frå fly syner tamme fuglar. Filmskaparane klekte og oppfostra fuglar frå fleire artar, mellom dei storkar og pelikanar. Dei nyfødde fuglane vart prega på menneska og vart lærte til å flyge saman med filmteamet. Fuglane vart òg eksponerte for filmutstyret gjennom livet, for at fuglane skulle reagere naturleg på utstyret, slik filmskaparane ønskte. Fleire av desse artane hadde aldri vore prega før. Filmen vart skoten frå ultralette fly, paraglidarar, og varmluftballongar, og dessutan med bruk av lastebilar, motorsyklar, motorbåtar, fjernstyrte robotar og eit fransk krigsskip. Produsenten seier at Fuglar i flukt korkje er dokumentar eller fiksjon, men snarare ein «naturleg tale».[3]

Filmen seier at ingen spesielle effektar vart brukte ved filminga av fuglane, sjølv om nokre sekvensar som viser jorda frå verdsrommet utvidar dei verkelege opptaka.

Lydsporet av Bruno Coulais vart spela inn av fleire bulgarske vokalgrupper på bulgarsk, og dessutan har Nick Cave og Robert Wyatt gjeve bidrag med musikk. Vokale effektar inkluderer sekvensar der pesing ved vengeslag skal gjere inntrykk av at sjåaren er ein fugl.

Kritikk endre

Fuglar i flukt har ei samla oppslutning på 96 % på Rotten Tomatoes.[4]

Filmen vart nominert til Oscar for beste dokumentarfilm.[5]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Freebase Data Dumps, Google, Wikidata Q15241312 
  2. «Programmer: Fuglar i flukt». Nrk nettstad. Henta 21. januar 2012. 
  3. "Making of" special feature på DVD-plata
  4. «Rotten Tomatoes». Henta 21. januar 2012. 
  5. «NY Times: Le Peuple Migrateur». NY Times. Arkivert frå originalen 5. september 2009. Henta 21. januar 2012. 

Bakgrunnsstoff endre