Fulan
Fulan (eller Fuluälven) er ei elv i Dalarnas län i Sverige. Ho er ei tilløpselv til Västerdalälven. Namnet vart tidlegare òg brukt om heile Västerdalälven. Elva er 80 kilometer lang.[1] og har eit nedslagsfelt på 882 km².[2]
Fulan startar frå Övre Fulusjön i Älvdalen kommun, rundt 10 kilometer vest for Idre (ved riksväg 70 mot Noreg) og renn herfrå sørover mot Mellersta Fulusjön og Nedre Fulusjön. Deretter bøyer elva av mot søraust rundt Fulufjället (1040 moh), før ho igjen snur mot sør. Ved Fulunäs renn ho saman med Görälven (Ljøra) og dannar Västerdalälven.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fulan» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ SMHI:s vattendragsregister (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 21. juli 2006, henta 21. juli 2006
- ↑ Hans Alexandersson m.fl., Regnkatastrofen på Fulufjället, arkivert frå originalen 20. juni 2008, henta 18. juni 2012