For andre tydingar av oppslagsordet, sjå fundament (fleirtyding).

Fundament eller sokkel er den berande delen av eit byggverk. Sokkelen finst nedst i bygget, ofte grave ned i jorda. Det har som føremål å overføra vekta av bygget og andre påverknader til bakken.

Skisse av enkelt fundament til eit hus.
Ruinar av romerske fundament.
Foto: Giovanni Dall'Orto

Ofte byggjer ein grunnmur som fundament. Tradisjonelt var denne laga av stein og/eller murt. I moderne tid bruker ein gjerne betong.

Ordet «fundament» kjem av latin fundere, 'grunnleggje'. I overført tyding kan ein bruka ordet for å visa til føresetnad eller grunnlag for noko abstrakt, til dømes forhandlingar eller forsking.

Bakgrunnsstoff endre

«fundament» i Store norske leksikon, snl.no.

Kjelder endre

«fundament» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.