Furusetbanen er ei av linjene i T-banenettet i Oslo. Banen vart bygd med T-banestandard som ei sidelinje frå T-banelinja Østensjøbanen på Hellerud i Oslo, og går gjennom dei tettfolka områda langs sørsida av Groruddalen. Endestasjonen Ellingsrudåsen i Oslo ligg ikkje langt frå kommune- og fylkesgrensa mot Lørenskog kommune og Akershus fylke. Mykje av linja, og fleire av stasjonane, ligg under jorda.

Furuset stasjon på Furusetbanen.

Furusetbanen vart opna mellom Hellerud og Haugerud i 1970, lengd til Trosterud i 1974, til Furuset i 1978 og til Ellingsrudåsen i 1981. Det er lagt til rette for at banen kan lengjast inn i Lørenskog kommune, men vedtak om dette er ikkje gjort.