Fushë-Arrëz


Fushë-Arrëz
Byvåpenet til Fushë-Arrëz
Byvåpenet til Fushë-Arrëz
Styresmakter
Land
Region
Albania
Shkodër
Geografi
Flatevidd
 - By

541 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

7 405
Koordinatar 42°4′0″N 20°2′0″EKoordinatar: 42°4′0″N 20°2′0″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Fushë-Arrëz kommune innafor regionen Shkodër
Fushë-Arrëz kommune innafor regionen Shkodër

Fushë-Arrëz er ein by og ein kommune i regionen Shkodër i Albania. Kommunen ligg nord i landet og grenser i sør mot regionen Lezhë, i aust og nord mot Kukës.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Fushë-Arrëz vart slått saman med landkommunane Fierzë, Blerim, Qafë-Mali og Iballë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Fushë-Arrëz.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 2 513 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Fushë-Arrëz, til saman hadde 7 405 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndelingEndra

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Pukë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Fushë-Arrëz og busetnadene:[2]

  • Fushë-Arrëz
  • Miçaj
  • Lumëardhe

ReferansarEndra