Fylkesveg 5663
veg i Vestland
Fylkesveg 5663 i Vestland fylke går mellom Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune. Vegen er 6,9 km meter lang, inkludert armar til Gjøry, Bumannsneset og Fedøy, og utgjer mesteparten av Nordsjøvegen. Vegsambandet mellom øygruppa Bulandet og øya Værlandet vart opna i desember 2003 etter å ha vore bygd på i to år. Vegen har eitt køyrefelt med møteplassar. Han fekk Vakre vegers pris i 2006.[1]
Fram til 2019 var vegen del av gamle Fylkesveg 365 i Sogn og Fjordane.[2]
Kommunar og knutepunkt
endreNordsjøvegen
- Endepunkt vegkryss Nordsjøvegen x Landøyna
- Indre Melværsund bru (234 m)
- Ytre Melværsund bru (317 m)
- Guriøyna bru (32 m)
- Brattholmsundet bru (60 m)
- Olssundet bru (286 m)
- Langøysundet bru (57 m)
- Gjørøystraumen
- Arm til Gjørøy (100 m)
- Hågøy
- Arm til Bumannsneset (550 m)
- Gjelsa nord
- Arm til Fedøy (240 m)
- Fv5664 Indre Gjelsa → Hellersøyvegen til Grånosa, Nikøy og Hillersøy
- Vadøy
- Endepunkt Halsøy
Fotnotar
endre- ↑ «Statens vegvesen: Årets vinner er Bulandet-Værlandet, Askvoll». 12. september 2006. Arkivert frå originalen 11. august 2007.
- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.