Gamle Fylkesveg 365 i Sogn og Fjordane
- Sjå òg fylkesveg 365.
Fylkesveg 365 i Sogn og Fjordane (Fv365) gjekk mellom Askvoll og Værlandet, og mellom Landøy og Halsøy i Askvoll kommune. Vegsambandet mellom øygruppa Bulandet og øya Værlandet vart opna i desember 2003 etter å ha vore bygd på i to år. Vegen har eitt køyrefelt med møteplassar. Han fekk Vakre vegers pris i 2006.[1]
Trasear: Værlandet ferjekai – Værlandet (0,3 km), Landøy – Hillersøy (8,9 km)
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og gamle Fylkesveg 365 i Sogn og Fjordane vart delt i tre: Fylkesveg 5662, Fylkesveg 5663 og Fylkesveg 5664.[2]
Trasé | Veglengd | No frådelt som |
---|---|---|
Ferjesamband Askvoll - Værlandet | - | Fylkesveg 5662 |
Værlandet ferjekai - kryss Soknavågsvegen | 300 m | Fylkesveg 5662 |
Landøy - Gjørøystraumen | 6 635 m | Fylkesveg 5663 |
Gjørøystraumen - Gjørøy | 100 m | Fylkesveg 5663 |
Gjørøystraumen - Hågøy | 220 m | Fylkesveg 5663 |
Hågøy - Bumannsneset | 550 m | Fylkesveg 5663 |
Hågøy - Gjelsa nord | 300 m | Fylkesveg 5663 |
Gjelsa nord - Fedøy | 240 m | Fylkesveg 5663 |
Gjelsa nord - Indre Gjelsa | 170 m | Fylkesveg 5663 |
Indre Gjelsa - Halsøy | 940 m | Fylkesveg 5663 |
Indre Gjelsa - Gjelsa aust | 65 m | Fylkesveg 5664 |
Gjelsa aust - Grånosa | 370 m | Fylkesveg 5664 |
Gjelsa aust - Hillersøy | 1540 m | Fylkesveg 5664 |
Kommunar og knutepunkt
endre- 608 Askvoll ferjekai
- Ferje frå Askvoll
- til Værlandet ferjekai
- Endepunkt Værlandet
Samband via kommunal veg (2,5 km)
- Endepunkt Landøy
- Indre Melværsund bru (234 m)
- Ytre Melværsund bru (317 m)
- Guriøyna bru (32 m)
- Brattholmsundet bru (60 m)
- Olssundet bru (286 m)
- Langøysundet bru (57 m)
- Arm til Gjørøy (0,1 km)
- Arm til Bumannsneset (0,6 km)
- Arm til Fedøy (0,2 km)
- Arm til Halsøy (1,0 km)
- Arm til Kjempenesosen (0,4 km)
- Endepunkt Hillersøy
Kjelder
endre- ↑ «Statens vegvesen: Årets vinner er Bulandet-Værlandet, Askvoll». 12. september 2006. Arkivert frå originalen 11. august 2007.
- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.