Fylkesveg 5699
Fylkesveg 5699 i Vestland fylke går mellom Stavang og og Skutevågen i Flora kommune. Vegen er 9,2 km lang. Fram til 2019 hadde vegen nemninga Fylkesveg 547 i Sogn og Fjordane.[1]
Fylkesveg 5699 vart bygd for å knyte Stavøya til fastlandet, og opna den 3. november 1990 som ny veg mellom Fylkesveg 611 i Stavang og Hellevik, og ny bru Stongasundet bru over Stongasundet til Skipavika i Stavøy. I Skipavika møtte fylkesvegen eksisterande kommunal veg frå Ramsgrø ferjekai til Stavøyvågen og Skutevågen. I 1998 vart den kommunale vegen mellom Skipavika og Indre Stavøyvågen innlema i fylkesvegen, og i 2006 vart heile vegen fram til Skutevågen del av Fylkesveg 5699.
Kommunar og knutepunkt
endreStavøyvegen
- 611 Åsen i Stavang
- Hellevik
- Stongasundet bru (173 m)
- Skipsvika → kommunal veg til gamle Ramsgrø ferjekai (200 m)
- Indre Stavøyvågen → kommunal veg Storøyvegen til Storøy (650 m)
- Stavøy (bygd)
- Troberget → kommunal veg til Langøysundet (750 m)
- Skutevågen → privat veg til Vikaneset
- Endepunkt Skutevågen snuplass
- → Veidesund kai (10 m)
- → Rutebåt Florabassenget, sjå Skyss
- → Veidesund kai (10 m)
Kjelder
endre- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.