Stavang er ei bygd i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Stavang ligg ved Brufjorden, nordom Førdefjorden og sør for Stavøya. I åra då Bru var eigen kommune, 1932–1963, var Stavang kommunesenter.

Stavang
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Flora
Postnummer 6944 STAVANG
Preposisjon i Stavang

Stavang
61°32′7″ N 5°11′13″ E
Stavang kyrkje
Foto: kirkenorge.no

Stavang har kyrkje, Stavang kyrkje frå 1957,[1] og ein daglegvarebutikk med post og bensinpumpe.[2]

SamferdsleEndra

Fylkesveg 611 går frå Stavang austover på nordsida av Førdefjorden til Naustdal der vegen møter Riksveg 5. Fylkesveg 547 i Sogn og Fjordane går frå Stavang via bru over Stongasundet til Stavøya og utover langsetter øya. Fylkesveg 542 i Sogn og Fjordane går frå Stavang nordaustover til Eikefjord der han møter Riksveg 5. Etter vegen er det 46 kilometer til kommunesenteret Florø og 51 kilometer til Førde. Det går òg snøggbåtrute mellom Florø og Svanøy som kjem innom Stavang når det er passasjerar som skal av eller på.[3]

KjelderEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra