Skyss er Hordaland fylkeskommune sitt driftsselskap for kollektivtrafikk i fylket. Skyss lyser ut anbodskontraktar til transportselskapa i tillegg til å planleggje og marknadsføre kollektivtilboda i Hordaland og tar hand om kundeførespurnader. Utstyr og personell er det transportsselskapa sjølve som står for. Bussane køyrer med påført dekor for Skyss.