Fylkesveg 811 i Nordland
- Sjå òg fylkesveg 811 (fleirtyding)
Fylkesveg 811 i Nordland går mellom Vareid og Vikten i Flakstad kommune. Vegen er 4,2 km lang.
Fylkesvegen høyrer med i Nasjonal turistveg Lofoten som ein av fleire sidevegar til europaveg 10.
Før 1. januar 2010 vart vegen kalla fylkesveg 804.