Nasjonal turistveg

Nasjonal turistveg (Nasjonal turistvei) er vegar i Noreg som har fått offisiell status som veg der det skal investerast ekstra for å få ein infrastruktur som passar turistnæringa og reisande langs desse vegane. Initiativtakar for prosjektet er Statens Vegvesen og dei presenterer prosjektet som ei ferd i harmoni med det ytre landskapet og eins eige indre.

Skilt for nasjonal turistvei
Kvinnefossen er omtrent 2 km austom Hella ferjekai, ein del av riksveg 55

Satsinga på nasjonale turistvegar vart vedteke av Stortinget i 2001.

Målsettinga er å tilby vegfarande bilturistar 18 nasjonale turistvegar med ei samla lengd på ca. 1800 km innan 2015. Denne særskilde turistattraksjonen skal stimulere vegfarande turistar til å nytte Noreg som sitt feriemål og gjennom det styrke næringsgrunnlaget. Godkjende strekningar vil bli profilert med ein eigen logo (turistvegsymbolet).

I 2012 fekk turistvegane arkitekturmagasinet Topos sin spesialpris for arkitekturen som blir brukt på kafébygg og utkikksposter.[1][2]

Krav til standard

endre

For å oppnå dette må det gjerast store investeringar for å få løfta vegane opp på det naudsynte nivået. Dette omfattar:

  • Standard og tryggleik på sjølve vegen
  • Rasteplassar av god kvalitet på rett stad
  • Utsiktspunkt som er tilrettelagt
  • Informasjon
  • Serverings- og overnattingshøve
  • Aktivitetstilbod og opplevingar utover sjølve køyreturen

Godkjende strekningar

endre
 
Montering av gangbru og utsiktspunkt over Vøringsfossen, sommaren 2020.
 
Reine i Lofoten, staden ligg langs Europaveg 10
Foto: Michael Haferkamp
 
Nybygget på Trollstigen rett før opning i 2012.

18 veisystem har blitt klassifisert som Nasjonal turistveg.[3] Alle 18 strekningar er per 2012 merka med symbolet for nasjonale turistveger. Ein del arbeid på nokre strekninger skal utførast fram mot år 2020.[4]

Nye kandidatar

endre

Av femti søkarar har Vegdirektoratet plukka ut følgjande vegar med potensial til å få status som nasjonal turistveg:

I nær framtid

endre

Etter vurderingane til vegdirektoratet er det berre 15 - 25 strekningar som har potensial til å oppnå status i løpet av dei neste 25 åra.

Komande

endre

Kjelder

endre
  1. The Norwegian National Tourist Routes (Topos Magazine) Arkivert 2012-09-30 ved Wayback Machine. publisert 6.august 2012, lese 27.september 2012.
  2. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nordland/1.8337688
  3. Nasjonale turistveger - OMVEG. Arkitektur og design langs 18 nasjonale turistvegar Arkivert 2012-01-11 ved Wayback Machine., av Nina Berre og Hege Lysholm, utgjeve april 2010 av Statens vegvesen, lese 2011-12-18.
  4. «Dette er dei vakraste vegane i landet», NRK 1. juli 2012
  5. Havøysund innviet 22.juni http://www.vegvesen.no/Turistveg/havoysund/Nyhetsarkiv/Nasjonal+turistveg+Hav%C3%B8ysund+%C3%A5pnet.351851.cms[daud lenkje] lest 16.september 2012
  6. Andøy/Senja innviet 30.juni 2012 http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/Om+vegprosjekter/Turistveger/Nyheter/%C3%85pning+Nasjonal+turistveg+And%C3%B8ya+og+Senja.354831.cms[daud lenkje] lest 16september 2012
  7. Endelig har Atlanterhavsvegen blitt nasjonal turistveg NRK 9.juni 2012 http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8189166 lest på nett 16.09.12
  8. Rondane innviet i september 2008 http://www.retten.no/lokale_nyheter/article3793582.ece lest på nett 16.09.12
  9. Gaularfjellet
  10. Aurlandsfjellet
  11. Jæren innviet 22.april 2012 http://www.vegvesen.no/Turistveg/jaeren/Nyhetsarkiv/Nasjonal+turistveg+J%C3%A6ren+%C3%A5pnet.331571.cms[daud lenkje] nyhet lest 16.09.12

Bakgrunnsstoff

endre