Ein fyllfaktor er forholdstal som vert nytta i ulike samanhengar.

For eit stoff som er porøst eller i pulverform, er fyllfaktoren forholdet mellom den delen av totalvolumet som er utfylt og totalvolumet. Det kan òg vere eit tal som oppgjev forholdet mellom materialmengda i ei overflate og den teoretiske mengda materiale for det same laget.

Plastteknologi endre

Innan plastteknologi er fyllfaktoren lik forholdet mellom volumet av pressmassen og volumet av den ferdigstøypte lekamen.

Teleteknikk endre

Innan teleteknikk er fyllfaktoren lik forholdet mellom tverrsnittet til ei gruppe isolerte leiarar og det arealet som denne gruppa tar opp i kabelen.

Kjelder endre