Ringkøbing–Fyn-ryggen
(Omdirigert frå Fyn–Ringkøbing-ryggen)
Ringkøbing–Fyn-ryggen er ein geologisk struktur i Nordsjøen som skil Nordlege Nordsjøen og Sørlege Nordsjøen. Ringkøbing-Fyn-ryggen strekkjer seg frå Møn over Fyn og Ringkøbingfjorden til Sentralgraben.
Ringkøbing-Fyn-ryggen består av forkastingsblokker av prekambriske bergarter. Forkastingane vart danna i slutten av perm og i triastida. Høgda er gjennoskoren av nord-sør-orienterte tråg som til dømes Horngraben.
Kjelder
endre- Askheim, Svein. (13. juli 2009). Ringkøbing Fyn Ryggen. I Store norske leksikon. Henta 10. februar 2014 frå http://snl.no/Ringk%C3%B8bing-Fyn_ryggen.