Nordlege Nordsjøen

Nordlege Nordsjøen er den nordlege delen av Nordsjøen som ligg mellom 58 og 62 ºN på grensa mellom Noreg og Storbritannia.

Nordlege Nordsjøen er eit sedimentasjonsbasseng mellom Vestlandet i Noreg og Shetlandsplattforma.

Berggrunnen består av pre-devonske bergartar som er metamorfosert både gjennom den kaledonske orogenesee og tidlegare orogenesar. Nordlege Nordsjøen vart danna i slutten av permtida og inneheld ein lagpakke av marine sediment som mellom anna høyrer til Kimmeridge Clay-formasjonen, Brentgruppa og Krittgruppa.

Området er eit viktig petroleumsområde og i 2012 var det 25 felt i produksjon her, mellom anna Visundfeltet, Kvitebjørnfeltet, Osebergfeltet, Snorrefeltet, Trollfeltet, Gullfaksfeltet, Bragefeltet, Statfjordfeltet og Brentfeltet

Kjelder endre

  • Askheim, Svein. (8. februar 2012). Nordlege Nordsjøen. I Store norske leksikon. Henta 10. februar 2014.