Sentralgraben er ei forkastingsgrøft eller graben som går gjennom Midt-Nordsjøhøgda og søraustover mot Nederland. Han oppstod ved at jordskorpa vart strekt i aust–vestleg retning i mesozoikum. Store mengder sediment vart avsett medan danninga av grabenen føregjekk, dels kontinentale, dels marine, etter som havnivået fluktuerte gjennom tidene. Øvst i grabenen vart det avsett opptil 2000 m krit. I nord fortset Sentralgraben i Vikinggraben. Dei rikaste olja- og gassførekomstane i Nordsjøen er knytte til desse to forkastingsgrøftene, som saman med områda omkring seinare er vorte dekt med tjukke lag av sediment i tertiær tid.

Sentralgraben i Nordsjøen, avmerkt som eit oransje område.

Kjelder endre