Påskebrev

(Omdirigert frå Gækkebrev)

Påskebrev er brev laga og overleverte ved påsketider. Dei kan vera illustrerte, og kan i nokre høve reknast som forløparar for påskekort

Påskebrev skrive og teikna av den amerikanske marinesoldaten Stanley Ewashko til syster si, Mary, etter Slaget om Iwo Jima ved slutten av andre verdskrigen, i 1945.

Danmark

endre
 
Dansk gækkebrev.

I Danmark er tradisjonen kjend som gækkebreve. Gække tyder snøklokke, og ofte er ein slik blome med i brevet. Det er elles ofte skrive på fint utklipt papir, og inneheld gjerne eit anonymt dikt som ber mottakaren gissa kven som har sendt det. Underskrifta er ofte ei rad prikkar som tilsvarar bokstavane i namnet til sendaren. Om mottakaren gisser kven som har sendt brevet, skal sendaren gje dei eit påskeegg. Om dei ikkje finn ut av det, er det mottakaren som skylder eit egg til sendaren.[1][2]

Nokre gækkevers er:

- Gæk gæk gæk - mit navn er blevet væk.
- En vintergæk, en sommernar, en fugl foruden vinger, en lille ven, som har dig kær, en kærlig hilsen bringer.

Sverige

endre

I Sverige pleier påskbrev innehalde teikningar og rim. På 1800-talet og kanskje tidlegare gav ein slike brev til naboar og kjende på skjærtorsdag eller påskeaftan.

Tidlegare var det særleg ungdommar og vaksne som laga påskebrev. Breva kunne innehalde fargelagde teikningar av ulike figurar som påskehekser på veg til Blåkulla (Bloksberg), fantastiske vesen eller kjærleikspar. I tillegg hadde dei gjerne ei helsing på rim, ofte med påsketilknytting. Eit vanleg vers var:

Sopa, raka, smörjehorn, sänder jag dig till resedon. Far fort min vän, kom snart igen. Det önskas av en trogen vän.[3]

Brevet blei bretta tre-fire gonger og kunne lukkast med til dømes ei fjør. Nokre stader hadde ein godteri oppi. Ein kunne også kjøpa ferdiglaga brev.

Brevet kunne ha ein fantasifull adressat, til dømes påsketrollet. Det blei ikkje underskrive, og tradisjonelt blei det kasta inn døra til mottakaren. Avsendaren prøvde så ofte å springa vekk før han blei gjenkjend. Ved nokre høve kledde avsendarar seg ut som påskekjerringer eller påskehekser.[3]

I nyare tid er skikken som regel utført av barn, og er vanlegast i Vest-Sverige. I delar av Dalsland of Värmland kastar ein framleis breva inn til folk, elles er det vanleg at utkledde påskekjerringer overleverer dei. I andre delar av Sverige kan påskekjerringane i staden dela ut påskekort.

Kjelder

endre
  1. Freya McOmish (19. april 2014). «Danish Easter: Gækkebreve, Eggs & Schnapps Galore!». scandinaviastandard.com. 
  2. Sarita Rajiv (13. mars 2015). «Easter tradition in Denmark: Gækkebrev or the Secret Snowdrop letter». orangegiftbag.com. 
  3. 3,0 3,1 Fredrik Skott (4. april 2012). «Påskbrev». SAGOMUSEET.