Snøklokke
planteart
Snøklokke (Galanthus nivalis) er ei plante i snøklokkeslekta i påskeliljefamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Mellom- og Sør-Europa og Vest-Asia.[2]
Snøklokke | |
Snøklokke | |
Status | |
Status i verda: Nær truga Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Amaryllidoideae |
Stamme: | Galantheae |
Slekt: | Snøklokkeslekta Galanthus |
Art: | Snøklokke G. nivalis |
Vitskapleg namn | |
Galanthus nivalis |
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som vart funnen forvilla i 1860. Arten er i auke og er ganske vanleg på Austlandet og i kyststrøk til Trøndelag, derfrå meir spreidd til Troms. Ei form med fylte blomar (fylt snøklokke, G. nivalis f. pleniflorus) er vanleg som dyrka og ofte forvilla.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH).[3]
Kjelder
endre- ↑ «Artsdatabanken: Snøklokke». Artsdatabanken. Henta 9. mars 2023.
- ↑ 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 213.
- ↑ «Fremmedartslista 2023: snøklokke Galanthus nivalis L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) snøklokke hos Artsdatabanken
- (en) snøklokke i Encyclopedia of Life
- (en) snøklokke i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) snøklokke hos Dyntaxa
- (en) snøklokke hos ITIS
- (en) snøklokke hos NCBI
- (en) snøklokke hos The International Plant Names Index
- (en) snøklokke hos Tropicos
- (en) Kategori:Galanthus nivalis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Galanthus nivalis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Galanthus nivalis – detaljert informasjon på Wikispecies