Gabriel Gustafson

Gabriel Adolf Gustafson (fødd 8. august 1853 i VisbyGotland, død 16. april 1915 i Kristiania) var ein svensk-norsk arkeolog som stod for utgravinga av Osebergskipet.[1][2]

Gabriel Gustafson

Fødd8. august 1853
Visby
Død16. april 1915 (61 år)
Christiania
NasjonalitetSvensk
Yrkeantropolog, arkeolog, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Uppsala universitet
Universitetet i Bergen
Alma materUppsala universitet
EktefelleSusanne Cathrine Grieg (1871–1900), Laura Fredrikke Friele (1872–1952)
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Académie des sciences, belles-lettres et arts de Rouen

Bakgrunn og arbeid endre

 
Gabriel Gustafson, professor i nordisk arkeologi og styrar av Oldsaksamlingen i Oslo, leidde utgravingen av «Osebergskipet» i Tønsberg i 1904. På bildet står Gustafson i midten framme, med hatt og bart - og dei berømte gummistøvlane.
Foto: Oldsaksamlingen/Kulturhistorisk museum i oslo

Gabriel Gustafson studerte arkeologi ved Uppsala universitet frå 1871, mellom anna under Oscar Montelius. Der vart han amanuensis ved universitetets oldsakssamling 1881–89. I 1889 tok han over stillinga som konservator ved Bergens Museum, etter Anders Lorange i stillinga som ved dei antikvarisk-kulturhistoriske samlingane. I sin Bergens-epoke arbeidde han nær zoo logen Jørgen Brunchorst, som hadde tiltredd same året. Den viktigaste utgravinga til Gustafson i bergenstida var ein buplass frå jernalderen på Holeheia i Klepp på Jæren 1889–99. Han leidde òg lokalavdelinga av Fortidsminneforeningen frå 1893. Han var òg involvert i lovforslaget av 1897 om freding av fornminne (lova kom i 1905).

Den 29. september 1900 overtok Gustafson etter avdøde Oluf Rygh som professor i nordisk arkeologi og styrar av Oldsaksamlingen i Oslo. Dei første store oppdraga hans var å flytta Historisk museum til Tullinløkka. Det stod ferdig i oktober 1904. Gustafson hadde då allereie grave ei tid i Oseberghaugen (sidan 13. juni 1904), etter at bonden Oskar Rom hadde vist han ein trebit frå skipet på kontoret til Gustafson den 8. august 1903, den dagen Gustafson fylte 50 år. I samarbeid med Haakon Shetelig arbeidde Gustafson med rekonstruksjon og publikasjon av funnet dei følgjande åra. For å hindra at utlendingar kjøpte vikingskipet, sikra Gustafson i 1905 eit lovforbod mot sal av fornminne til utlandet, men måtte som vederlag stå for etableringa av eit registreringssystem for fornminne. Kampen hans for denne lova var inspirert av lovgjevinga i heimlandet hans, Sverige, der lova hadde komme i 1867.[3] Han utgav Norges oldtid i 1906.[4] Han starta òg utgravingane på gravfeltet ved Store Dal i Skjeberg i Østfold i 1910. For alt dette fekk han St. Olavs Orden i 1911.

Før han flytta til Oslo, gifte han seg med Susannah Grieg (1871–1900). Ho døydde i desember same året. Tre år etter gifte han seg med Laura Fredrikke Friele (1872–1952), dottera til zoologen Herman Friele.

Utgivingar endre

  • 1898: Norges forhistoriske tid . Hovedmomenter til forelæsninger[5]
  • 1901: Den norske oldforskning[6]
  • 1906: Norges oldtid. Mindesmærker og Oldsager[4]

Kjelder endre

  1. Hougen, Bjørn (1965). Gabriel Gustafson, et 50-års minne.: Viking 29. Norsk Arkeologisk Selskap. 
  2. «Gabriel Gustafson hos Store norske leksikon». 
  3. Isa Trøim. Arkeologisk forskning og det lovregulerte fornminnevernet. Universitetsforlaget. 
  4. 4,0 4,1 Gabriel Gustafson. Norges oldtid. Mindesmærker og Oldsager. Cammermeyers forlag. 
  5. Gustafson, Gabriel (1898). Norges forhistoriske tid. John Griegs Bogtrykkeri. 
  6. Gustafson, Gabriel (1901). norske oldforskning. Grøndahl.