Osebergskipet

Osebergskipet er eit vikingskip frå 800-talet som blei funne i Oseberghaugen ved Tønsberg i Vestfold den 10. august 1903. Haugen blei grave ut mellom 1904 og 1905 under leiinga til arkeologane Gabriel Gustafson og Haakon Shetelig. Skipet blei først bygd opp igjen i Oslo sentrum i ein av universitetsbygningane. I 1930 blei det flytta på jernbaneskinner til Bygdøy, der det fekk eit eige hus, Vikingskipshuset. Her kan ein i dag sjå skipet og dei andre funna, i tillegg til Gokstadskipet og Tuneskipet.

Osebergskipet.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Osebergskipet
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.