Gabriel Monsen
Gabriel Monsen (15. november 1798–1. juli 1882) var ein norsk losoldermann i Tananger, ordførar og stortingsmann.
Gabriel Monsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. november 1798 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Gabriel Monsen var son av ein losoldermann. Ein yrkesposisjon han sjølv hadde frå 1824. Han var også gardbrukar, og tillegg postopnar, gjestgivar, landhandlar og skipsreiar.
Han var den første ordføraren i Håland herad (nærast dagens Sola). Ordførar i Håland 1837-41, 1846-49, 1854-55, 1860-79, samt forlikskommissær i mange år.
Monsen var valmann ved alle valting til stortingsval frp 1832 til 1879, bortsett frå eit val. Han var stortingsmann for Stavanger amt 1842-1848, vald som 3. representant i 1842, sidan som 4. representant. På alle tingsamlingane var han medlem av tollkomiteen. 1851 og 1854 var han 1. varamann til Stortinget.
Lokalt er han kjend for å ha bygt det såkalla Monsenhuset i Tananger, der han døydde.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Gabriel Monsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv