Håland herad

tidlegare kommune i Rogaland fylke i Noreg

Håland herad er eit tidlegare herad i Rogaland fylke. Heradet eller kommunen vart oppretta i 1837 med losoldermann Gabriel Monsen som fyrste ordførar. Kommunen vart i 1930 delt i to, Sola kommune og Madla kommune, Madla på austsida og Sola på vestsida av Hafrsfjorden. Håland herad hadde 4463 innbyggarar ved delinga. I 1965 vart Madla slått saman med Stavanger kommune. Sola har hatt uendra grenser heilt sidan 1930.

Håland herad
kommune
Land  Noreg
Kart
Håland kommune
58°51′22″N 5°34′30″E / 58.856111111111°N 5.575°E / 58.856111111111; 5.575
Namnet

Første leddet er av norrønt hár, 'høg', finst i ei rekke namneavleiingar i området, til dømes i Håland gard, øya Håstein utanfor kysten av Sola og Håsteinsfjorden nord for denne.

Kjelder

endre