Gabriela Soukalová

skiskyttar
(Omdirigert frå Gabriela Koukalová)

Gabriela Soukalová (fødd 1. november 1989) er ein tsjekkisk skiskyttar frå Jablonec nad Nisou som vann verdscupen i skiskyting 2016 og vart verdsmeister i mixstafett i 2015. I sesongane 2013-15 vann ho elles to OL-sølv, VM-sølv og -bronse i ulike øvingar. Frå 2016 til 2020 var ho gift med badmintonspelaren Petr Koukal, og heitte Gabriela Koukalová.

Gabriela Soukalová


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 1. november 1989 (34 år)
Jablonec nad Nisou
Idrett skiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 2010, Skiskyting under Vinter-OL 2014, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner

Utmerkingar

Senatets minnemedalje i sølv

Mor hennar, Gabriela Sekajová (Svobodová), f. 1953, vann medaljar i 4 x 5 km langrenn for Tsjekkoslovakia; VM-bronse 1974 og OL-sølv 1984.

Aktiv endre

Soukalová nådde verdstoppen i 2013-sesongen. Frå desember 2012 til februar 2016 vann ho 12 individuelle renn i verdscupen i skiskyting. I 2014-sesongen enda ho på fjerdeplassen i verdscupen.

Under VM i skiskyting 2013 på heimebane i Nové Město gjekk ho på Tsjekkia sitt lag som fekk bronsemedalja i mixstafetten. Året etter tok Soukalová og Tsjekkia sitt mixstafett-lag eitt steg opp på sigerspallen til sølv då Vinter-OL 2014 fann stad i Sotsji, der ho også vann sølvmedalja i fellesstarten.

Tsjekkia sitt lag i mixstafett, beståande av Veronika Vítková, Gabriela Soukalová, Michal Šlesingr og Ondřej Moravec fullførte pallklatringa då det vann øvinga under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti, 20 sekundar framom Frankrike. Ei lita veke seinare tok Soukalová sølvmedalja i 15 km normalprogram, gullet rauk med ein bom på siste skyting.

Gjennom 2016-sesongen var Soukalová den klart jamnaste kvinnelege skiskyttaren. Ho vann verdscupen 2016 med romsleg margin etter å ha vunne fire renn og oppnådd i alt 10 pallplasseringar. Derimot lukkast ho ikkje å ta medalje i VM i skiskyting 2016, to fjerdeplassar var hennar fremste prestasjonar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre