Gabriela Koukalová

skiskyttar
(Omdirigert frå Gabriela Soukalová)
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir flytta til Gabriela Soukalová. (Sjå eventuelt diskusjon)


Gabriela Koukalová (fødd Soukalová1. november 1989) er ein tsjekkisk skiskyttar frå Jablonec nad Nisou som vann verdscupen i skiskyting 2016 og vart verdsmeister i mixstafett i 2015. I sesongane 2013-15 vann ho elles to OL-sølv, VM-sølv og -bronse i ulike øvingar.

Gabriela Koukalová

Gabriela Koukalová 2019.jpg

Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 1. november 1989 (31 år)
Jablonec nad Nisou
Idrett skiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 2010, Skiskyting under Vinter-OL 2014

Utmerkingar

Senatets minnemedalje i sølv

Mor hennar, Gabriela Sekajová (Svobodová), f. 1953, vann medaljar i 4 x 5 km langrenn for Tsjekkoslovakia; VM-bronse 1974 og OL-sølv 1984.

AktivEndra

Soukalová nådde verdstoppen i 2013-sesongen. Frå desember 2012 til februar 2016 vann ho 12 individuelle renn i verdscupen i skiskyting. I 2014-sesongen enda ho på fjerdeplassen i verdscupen.

Under VM i skiskyting 2013 på heimebane i Nové Město gjekk ho på Tsjekkia sitt lag som fekk bronsemedalja i mixstafetten. Året etter tok Soukalová og Tsjekkia sitt mixstafett-lag eitt steg opp på sigerspallen til sølv då Vinter-OL 2014 fann stad i Sotsji, der ho også vann sølvmedalja i fellesstarten.

Tsjekkia sitt lag i mixstafett, beståande av Veronika Vítková, Gabriela Soukalová, Michal Šlesingr og Ondřej Moravec fullførte pallklatringa då det vann øvinga under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti, 20 sekundar framom Frankrike. Ei lita veke seinare tok Soukalová sølvmedalja i 15 km normalprogram, gullet rauk med ein bom på siste skyting.

Gjennom 2016-sesongen var Soukalová den klart jamnaste kvinnelege skiskyttaren. Ho vann verdscupen 2016 med romsleg margin etter å ha vunne fire renn og oppnådd i alt 10 pallplasseringar. Derimot lukkast ho ikkje å ta medalje i VM i skiskyting 2016, to fjerdeplassar var hennar fremste prestasjonar.

KjelderEndra