Gabriele Wohmann
Gabriele Wohmann (21. mai 1932–22. juni 2015)[1] var ein tysk forfattar, fødd og død i Darmstadt. Ho skreiv prosa, lyrikk, høyrespel og verk for fjernsyn. Av romanar ho har skrive finn ein Paulinchen war allein zu Haus (1974, norsk omsetjing 1981), Ausflug mit der Mutter (1976), Abschied von der Schwester (2001) og Schön und gut (2002). Av novellesamlingar finn ein Paarlauf (1979), Wäre wunderbar (1994) og Fahr ruhig mal 2. Klasse (2004).
Gabriele Wohmann | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 21. mai 1932 Darmstadt |
Død |
22. juni 2015 (83 år) |
Yrke | romanforfattar, novelleforfattar, manusforfattar, filmregissør, skribent |
Medlem av | Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung, Akademie der Künste Berlin |
Gabriele Wohmann på Commons |
Wohmann skreiv mange forteljingar og romanar der ho skildra kvardagen til gjennomsnittsmenneske.
Kjelder
endre- ↑ «Gabriele Wohmann ist tot». FAZ.net. FAZ.NET/dpa. 23. juni 2015. Henta 24. juni 2015.
«Gabriele_Wohmann» i Store norske leksikon, snl.no.