Gaetabukta
Gaetabukta er ei bukt på vestkysten av Italia og er ein del av Det tyrrenske havet. Det grensar til neset Circeo i nord, Ischia og Napolibukta i sør og Dei pontinske øyane i vest.
Bukta er kalla opp etter den nærliggande italienske byen Gaeta. Volturno er den største elva som munnar ut i bukta.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gulf of Gaeta frå Engelsk Wikipedia .