Ischia er ei vulkansk øy i Tyrrenhavet i nordenden av Napolibukta på vestkysten av Italia. Øya ligg om lag 30 km frå Napoli og måler 10 km frå aust til vest og 7 km frå nord til sør. Ho har ei kystlinje på 34 km og eit areal på 46,3 km². Øya er dekt av fjell og den høgaste toppen er vulkanen Epomeo på 788 meter over havet.[1] Vulkanen var aktiv i antikken.[2] Ho har nesten 58 000 innbyggjarar.

Ischia
Ischia sett frå Procida
Ischia sett frå Procida
Geografi
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 40°43′N 13°54′EKoordinatar: 40°43′N 13°54′E
Øygruppe Dei flegreiske øyane

Areal 46,3 km²

Høgaste punkt Epomeo (788 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Campania
Napoli
Største busetnad Ischia by (18 253 innb.)

Demografi
Folketal 58 000 (2002)
Folketettleik 1 250 /km²
Stranda Maronti, aust for landtunga St. Angelo

Ischia Porto er namnet på den største kommunen som dekkjer øya. Andre kommunar er Barano d'Ischia, Casamicciola Terme, Forio, Lacco Ameno og Serrara Fontana.

Hovudnæringa er turisme med varmekjelder som trekkjer til seg mange europearar (særleg tyskarar) og asiatar.

Namnet endre

Vergil kalla øya Inarime og seinare Arime. Romarane kalla derimot øya Aenaria, medan grekarane kalla ho Pithekoussai. Det noverande namnet dukkar for første gong opp i eit brev frå pave Leo III til Karl den store i 813.

Historie endre

Antikken endre

Øya har vore busett sidan bronsealderen. Grekarar frå Évvia kom her på 700-talet fvt. og danna ein marknadsplass for handel med etruskarar frå fastlandet. Busetnaden hadde òg etruskiske og fønikiske innbyggjarar. Den gode hamna gjorde at busetnaden Pithecusae vart rik på handel med jern til fastlandet. På det meste hadde Pithecusae kring 10 000 innbyggarar.

I 474 f.Kr. hjelpte Hiero I av Siracusa grekarane mot etruskarane og slo dei til sjøs. Han okkuperte Ischia og dei omliggande parthenopeiske øyane og lét ein garnison vere igjen for å byggje ei festning før sjølve byen Ischia. Festninga stod framleis i mellomalderen, men den opphavlege garnisonen flykta før utbrotet i 470 f.Kr. og napolitanarane tok over øya.

Romarane erobra Ischia (og Napoli) i 322 f.Kr.

Den kristne perioden fram til 1500-talet endre

I år 6 e.Kr. gav Augustus øya tilbake til Napoli i byte for Capri. Ischia leid under åtak frå barbarar og vart først teken av Heruli så av austgotarar og vart til slutt ein del av Austromarriket. Austromarane gav øya til Napoli i 588, og i 661 vart øya styrt av ein greve i Hertugdømet Napoli. Området vart rasert av sarasenarar i 813 og 847. I 1004 vart ho okkupert av Henrik II av Tyskland. Normannaren Roger II av Sicilia tok øya i 1130 og ho vart plyndra av pisanarar i 1135 og 1137, før ho kom inn under svebarane og så Angevin sitt styre. Etter Den sicilianske aftensongen i 1282 gjorde øya opprør og anerkjende Peter III av Aragon, men vart teken tilbake av angevinarane året etter. Ho vart erobra i 1284 av styrkane til Aragon og Karl II av Anjou klarte ikkje å ta ho tilbake i 1299.

 
Castello Aragonese

Etter det siste vulkanutbrotet på øya flykta innbyggjarane til Baiae der dei vart verande i fire år.

Ischia leid stort på grunn av kampane mellom Angevin- og Durazzo-familiane. Ho vart teken av Carlo Durazzo i 1382, teken tilbake av Ludvig II av Anjou i 1385 og igjen teken av Ladislav Durazzo i 1386. Ho vart plyndra av flåten til motpave Johan XXIII i 1410, men vart nok ein gong teken tilbake av Ladislav året etter. I 1422 gav Johanna II av Napoli øya til adoptivsonen sin Alfonso V av Aragon, men då han fall i unåde tok ho øya tilbake med hjelp frå Genova i 1424. I 1438 okkuperte Alfonso borga, kasta ut alle mennene og erklærte øya for ein koloni under Krona av Castila. Han lét så mennene i garnisonen sin gifte seg med konene og døtrene til mennene han kasta ut. I 1442 gav han øya til Lucretia d'Alagno, som igjen lét svogeren hennar, Giovanni Torella, styre øya. Då Alfonso døydde i 1458 gav dei øya tilbake til Angevin. Ferdinand I av Napoli gav i 1462 Alessandro Sforza ordre om å jage Torella ut av borga og overgje øya til Garceraldo Requesens.

I februar 1495 gjekk Ferdinand II i land på øya og tok borga, etter å ha teke livet av den illojale slottsforvaltaren Giusto di Candida med sine eigne hender. Han lèt Innico d'Avalos, marki av Pescara og Vasto, overta styret av øya. Med han kom systera Costanza og dei grunnla i lag D'Avalos-dynastiet som kom til å ha øya til ut på 1700-talet.

1600- og 1700-talet endre

Gjennom 1600-talet vart øya stadig råka av plyndringstokta til sjørøvarar og barbarar. I 1543 og 1544 raserte Khair ad Din, kalla Barbarossa, øya og tok med seg 4 000 fangar. I 1548 og 1552 vart Ischia omleira av etterfølgjaren hans, Dragut Rais. Etter kvart som det vart færre sjørøvar tokt og festningsverka vart utbetra, byrja øybuarane å spreie seg til områda utanfor borga, og det var slik det historiske sentrumet av byen Ischia vart grunnlagd. Likevel vart fleire innbyggjarar tekne som slavar av sjørøvarar, den siste kjende vart teken i 1796.

Fram til i dag endre

Då D'Avalos-familien døydde ut i 1729, gjekk øya tilbake til staten. I mars 1734 vart ho erobra av Huset Bourbon og styrt av ein kongeleg guvernør. Øya var ein del av den kortvarige Republikken Napoli frå mars 1799. 13. februar 1806 vart øya okkupert av franskmenn og 24. februar prøvde engelskmennene å innta øya utan hell.

28. juli 1883 øydela eit jordskjelv landsbyane Casamicciola Terme og Lacco Ameno.

I dag er Ischia ein populær turistdestinasjon og tar imot opp til seks millionar turistar kvart år, hovudsakleg frå det italienske fastlandet, i tillegg til tyskarar (det bur om lag fem tusen tyskarar på øya). Mange austeuropearar, særleg frå Russland og Polen, har i aukande grad byrja å vitje øya. Ein kan nå Ischia med båt frå Napoli, ein tur som tar 40 til 60 minutt.

I kulturen endre

Henrik Ibsen skreiv Peer Gynt på Ischia, der han var sommaren 1867.[1]

I mai 1948 skreiv W. H. Auden diktet «In Praise of Limestone» her, som det fyrste diktet han skreiv i Italia.[3]

Den britiske klassiske komponisten William Walton slo seg ned på Ischia i 1949. I 1956 selte han huset sitt i London og bygde eit hus på toppen av ein ås i Forio, som han kalla La Mortella. Kona hans Susana Walton laga ein storslått hage der,[4] som i lag med eit museum vigd komponisten er blitt eit kjent trekkplaster.[5] Walton budde på øya livet ut, og døydde der i 1983.[6]

Film endre

Fleire filmar går føre seg eller er blitt filma på øya, til dømes:

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Ischia». Store norske leksikon (på norsk). 19. desember 2020. 
  2. Princeton Encyclopedia of Classical Sites
  3. «Auden, Wystan Hugh (1907–1973), poet and writer». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. 2004. doi:10.1093/ref:odnb/30775. 
  4. Kennedy, pp. 208–209
  5. Cupillo, Claudio Assante di, «History», Giardini La Mortella (på engelsk), henta 20. august 2023 
  6. Kennedy, pp. 75, 140, 143, 144 and 208
  7. «Lancaster already in Italy». Screenland (Henry Publishing). October 1951. s. 74. Henta April 8, 2021. 
  8. The Talented Mr Ripley (1999) film locations Movie-Locations.com, Retrieved November 1, 2019
  9. Fred Topel- Exclusive Interview: Kat Coiro on And While We Were Here 17 September 2013, www.mandatory.com, accessed 21 September 2019
  10. Men In Black International (2019) film locations Movie-Locations.com] Retrieved November 1, 2019

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ischia
  Reiseguide for Ischia frå Wikivoyage