Gahambar
Gahambar er seks parsiske høgtider som blir feira til ære for årstidene. Under desse feirar ein dei seks elementa som står bak verda — himmel, vatn, jord, plantar, dyr og menneske. Kvar høgtid varer i fem dagar, der kvar av dei blir markerte med eit religiøst rituale. Dei første fire dagane blir markerte heime medan siste dagen blir feira i fellesskap med andre parsarar.
- Maidhyozarem gahambar («midtvårfesten» for himmelen) finn stad 40 dagar etter nauroz
- Maidhyoshem (midsommarfesten for vatn) kjem 60 dagar etter den føre
- Paitisjhayem (innhausting, for jord) kjem 75 dagar etter dette igjen
- Ayathrem (plantar og dyr) kjem etter 30 dagar
- Maidhyarem (midtvinterfesten) blir feira 80 dagar deretter
- Hanaspathmaedaem (feiring for alle sjeler) kjem 75 dagar etter maidhyarem.
Kjelder
endre- http://festivals.iloveindia.com/gahambars/index.html Arkivert 2019-04-24 ved Wayback Machine.
- http://www.manyzone.com/festivals/gahambars.aspx
- Dale Hoiberg, Indu Ramchandani: Students' Britannica India (Popular Prakashan, 2000)