Himmel

(Omdirigert frå Himmelen)

Himmel (norr. himinn, tysk Himmel) er den synlege atmosfæren ein kan sjå over seg når ein er utandørs. I tillegg kan ordet visa til «himmelen» eller «himmeriket», eit paradis ein kan koma til etter døden.

Blå himmel sett mellom høge tre.
Foto: United States Department of Agriculture
Himmel med skyer og raudlege teikn på snarleg soleglad.
Foto: Doug Bowman

Om dagen vil himmelen på jorda ha ein farge. Ein klar himmel ser blå ut, med raudlege tonar i samband med demring og skyming, på grunn av rayleighspreiing av sollyset. Ein skydekt himmel kan sjå kvit eller grå ut. Om natta ser himmelen svart ut. Om det er klart vil ein sjå stjerner og andre himmellekamer som lyspunkt, og ofte også månen.

Himmelen som paradis endre

Omgrepet 'kongeriket åt himmelen' (gresk Basileia tōn Ouranōn, Βασιλεία τῶν Ουρανῶν) er kjend frå Matteusevangeliet frå 100-talet. Seinast på 1000-talet tok kristne til å bruka berre «himmelen» for å visa til det moglege evige livet etter døden.

Førestillingar om etterliv i andre kulturar er ikkje nødvendigvis i «himmelen», men kan i staden tenkast som ein hage eller eit anna land. I norrøn åsatru finst likevel ein idé om himmelbrua Bivrost mellom menneske- og gudeverda. I hinduismen tenker ein seg eit Svarga oppå eller over fjellet Meru.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Himmel
  Denne fysikkartikkelen som har med religion å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.