Gairsay (norrønt Gáreksey) er ei lita øy i Orknøyane i Skottland, i soknet Rendall. Ho er om lag 3 km lang og 1,5 km brei. På øya ligg ein kjegleforma ås og ei lita hamn kalla Millburn Bay. Hamna ligg i le for halvøya Hen of Gairsay.

Gairsay
Geografi
Gairsay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°29′N 5°35′W / 56.49°N 5.58°W / 56.49; -5.58
Øygruppe Orknøyane

Areal 2,40 km²

Høgaste punkt 102 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 3 (2001)
Folketettleik 1,25 /km²
Millburn Bay frå Hen of Gairsay

Historie endre

I følgje Orkneyinga saga var Gairsay i norrøn tid vinterheimstaden til den norske høvdingen Svein Asleifsson, ein av dei siste store vikingane. Han dreiv jordbruk om sommaren og heldt seg på Gairsay med 80 av mennene sine om vinteren. Etter at dei hadde sådd i jorda om våren, la Svein ut på vikingtokt nedover vestkysten av Skottland til England og Irland. Han døydde i eit forsøk på å erobre Dublin i 1171.[1]

I følgje folketeljingar var det 69 menneske på øya i 1831 og 71 i 1841. I 1851 var talet berre 41 og ti år seinare 34 fordelt på fem familiar. I nyare år har øya vore eigd av ein enkelt familie, som kjøpte øya i 1968 og som i dag driv jordbruk her.

 
Ein fråflytt gard på Gairsay

Kjelder endre

  1. Schei, Liv Kjorsvik og Gunnie Moberg: The Orkney story (New York: Hippocrene Books, 1985), s.207-8