Guldå (Galeopsis speciosa) er ei plante i lepeblomsterfamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 40 cm høg, og har grov stivhåra stengel. Ho har gul krone med to cm lang kronrøyr og fiolett midtflik i underlepen. Guldå blomstrar kring juli månad.

Guldå
Guldå
Guldå
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Lamioideae
Slekt: Dåslekta Galeopsis
Art: Guldå G. speciosa
Vitskapleg namn
Galeopsis speciosa
Guldå

Guldå er ein framandart som er komen inn med tidleg jordbruk. Han er eit åker- og hageugras som er vanleg i alle landsdeler i Noreg.[1]

Kjelder

endre
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 965.