Gallaantrekk er ei drakt som kan nyttast i store høve, slik som slottsmiddagar, bryllaup, ball eller liknande. På innbydninga står det då oftast: «Antrekk: Galla», eller «Antrekk: Kjole og kvitt». Formelt er dette det finaste antrekket ein kan ha. Til galla høyrer òg dekorasjonar, om anna ikkje er nemnd i invitasjonen.

Det britiske kongeparet og amerikanske presidentparet under ein offisiell middag i Det kvite huset i 2007. Mennene har på seg kjole og kvitt og kvinnene ballkjolar. Dei kongelege ber også sine ordenar.

For mannen er galla anten kjole og kvitt (også kalla snippkjole eller livkjole) eller militær gallauniform. Dei kan også ha på seg ein høgtidssam folkedrakt, som bunad.

Kvinna kan gå i lang kjole, til dømes ballkjole. Dette skal vere hennar flottaste antrekk, så her er det meste av pynt tillate. Kvinner kan også bruke bunad, også om dei kjem åleine eller i følgje med ein mann utan bunad.