Ball (frå fransk baler, 'dansa') er ei finare dansetilstelning som gjerne blir halden i ein ballsal.

Aristokratar på ball i Hofburg. Måleri av Wilhelm Gause (1900).

Deltakarane har på seg aftanantrekk, som kan spesifiserast på invitasjonen som galla (ballkjole/kjole og kvitt) eller smoking. Pardans er ein viktig del av ballet, særleg i form av selskapsdans. Når ballet også omfattar ein middag, byrja gjerne dansen med ein polonese. Ballet blir gjerne avslutta med ein kotiljong, cotillon, ein kontradans.

Variantar av ball er skuleball, studentball, avsluttingsball, vår-, jule- og nyttårsball, kostyme- og maskeradeball. Ballsesongen i Wien og Tyskland fell saman med karnevalsesongen, tradisjonelt rekna frå 11. november og fram til faste, med dei store operaballa helga før fasta.

Promenadar – engelsk proms – viser til at gjestene går, eller promenerer, i polonese ved byrjinga av eit ball. Promenadeball har forløparen sin i deo eksklusive debutanteballa.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Danseball