Gammaldans

(Omdirigert frå Gamaldans)

Gammaldans eller runddans er eit samleomgrep for europeiske danseformer som kom til Noreg frå slutten av 1700-talet og utover. Gammaldanstradisjonen blir ofte forbunden med trekkspel-/toradarbasert musikk, og typiske danseformer er reinlendar, vals, masurka og polka.[1]

Runddanstradisjonen er på ingen måte eintydig, samstundes kan det vel seiast at uttrykket slik vi møter det her i nord er ulike sjatteringar av interessante samanblandingar mellom europeisk og bygdenorsk kultur. På den eine sida kan runddanstradisjonen liggje tett opp mot den tradisjonelle hardingfele-/felebaserte bygdedanstradisjonen. På den andre sida kan gammaldanstradisjonen liggje nær det moderne dansebanduttrykket. Mellom desse ytterpunkta er det stor variasjonsrikdom.

Historie

endre

Felespelarar på 1800-talet kunne kalle runddansmusikk for «byslåttar», og fleire av dei spela ein og annan byslått innimellom dei andre slåttane. Så vart det høve for å få svinga seg i ein «bydans» for dei som hadde lært seg litt. Byslått-tradisjonen vart til dels utvikla på den eldre bygdedansen sin premissar, både med tanke på innhald, form, bruk og funksjon.

Omgrepet «gammaldans» kom frå Sverige, og vart vanleg å bruka om dansen og musikken frå rundt 1960. Det vart skipa gammaldanslag og gammaldansorkester for generasjonen av folk som hadde dansa slike dansar i ungdomen. Etterkvart vart også yngre generasjonar med i rørsla, og kunne ta med seg nyare dansar som tango inn i gammaldansen.[1]

Instrument

endre

Utpå 1800-talet kom munnspelet, einradaren og toradaren til Noreg. Særleg vart toradaren populær som dansespelinstrument. Han gav frå seg relativt mykje lyd, og den eldre bygdedansen hadde fått konkurranse.

Så kom trekkspelet, eller accordeonet som det òg blir kalla i meir klassiske samanhengar. Trekkspelet hadde ein haug med tonar, standardbass og melodibass.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «gammaldans». Store norske leksikon. 5. november 2020.