Polka (frå tsjekkisk pulka, 'halvsteg' eller polka, 'polsk kvinne') er ein pardans i livleg to-takt som stammar frå Böhmen. Han blir rekna for å ha oppstått i Praha rundt 1830. Dansen finst i fleire former, men er prega av «bytt-om-fot»-trinnene og feiande runddans.

Polka dansa på kroningsball i Stockholm i 1844.

Polka er nærskyld med schottisch og var saman med vals den mest populære selskapsdansen fram til 1900-talet. Ulike polkatypar lever vidare i folkeleg tradisjon, og i Noreg er han framleis populær som gammaldans.

Polkamusikk blei brukt i kunstmusikk av komponistar som Smetana, Dvořák, Johann Strauss den eldre og Johann Strauss den yngre. Det blir som regel spela ein polka av Strauss under Nyttårskonserten. Smetana har med ein polka i det kjende stykket Moldau.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • «Polka» (19. desember 2011), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 16. januar 2015.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Polka
  Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.