Gamlebyen i Lviv (ukrainsk Старе Місто Львова, Stare misto Lvova; polsk Stare Miasto we Lwowie) er det historiske sentrumet av byen Lviv i Ukraina, anerkjend som ein «statshistorisk-arkitektonisk heilagdom» i 1975.[1]

Gamlebyen i Lviv

LandUkraina
Innskriven ved UNESCOs 22. sesjon i 1998.
Referansenr. 865.
Kriterium:CULTURAL: II, V
Sjå ògVerdsarvstader i Europa
BakgrunnsstoffGamlebyen i Lviv ved unesco.org

Historie endre

Danylo Romanovitsj, fyrsten av Galitsj-Volynia, bygde eit slott til sonen sin Lev i 1256. Kort tid etter at fyrstane døydde ut, kom regionen under polsk styre i 1349. Kong Kasimir den store gav Lwów Magdeburgrettar i 1356. Jan II Kasimir av Polen grunnla Universitetet i Lviv i 1661. Etter den fyrste delinga av Polen var Lviv hovudstad i Kongeriket Galizia og Lodomeria og den fjerde største byen i Habsburgmonarkiet frå 1772 til 1918. Under Den andre polske republikken blei Lwów hovudstad i Lwów voivodskap. Frå 1939 til 1941 og sidan 1944 høyrde byen til Sovjetunionen. Sidan 1991 har byen Lviv vore ein del av det uavhengige Ukraina.

UNESCO endre

Sidan 1998 har gamlebyen i Lviv vore oppført på UNESCO si verdsarvliste. Den 5. desember 1998, under den 22. samlinga i Verdsarvskomiteen i Kyoto i Japan, blei Lviv føydd til verdsarvlista. UNESCO gav følgjande forklaring av valet:[2]

Kriterium II: I sin bystruktur og arkitektur er Lviv eit framifrå eksempel på samanblanding av dei arkitektoniske og kunstnariske tradisjonane i Aust-Europa med dei i Italia og Tyskland.
Kriterium V: Den politiske og kommersielle rolla til Lviv tiltrekte ei rekkje etniske grupper med forskjellige kulturelle og religiøse tradisjonar, som etablerte separate, men innbyrdes avhengige, samfunn i byen, som det framleis er synlege teikn på i det moderne bybilete.

Området for det historiske sentrumet dekkjer 120 hektar av den gamle rus- og mellomalderdelen av byen, så vel som området omkring til Sankt Georgs-katedralen. Bufferområdet i det historiske sentrum, som er definert av dei historiske områdegrensene, er cirka 2,44 km2.[3]

Sjåverdigheiter endre

 
Gatene i Lviv

Utover dei lista elementa i tre store område er det ca. 2 000 andre historiske sjåverdigheiter og landemerke i gamlebyen, der 214 av det vert rekna som nasjonale landemerke.

Heilage bygg:

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre