Garavogue (irsk An Gharbhóg[1]) er ei kort og lita elv i County Sligo i Republikken Irland. Frå Lough Gill svingar ho seg gjennom byen Sligo og munnar ut i Sligo Bay.

Garavogue
An Gharbhóg
elv
Garavogue i sentrum av Sligo
Land  Irland
Kjelde Lough Gill
Munning Atlanterhavet ved Sligo Bay
Kart
Garavogue
54°16′26″N 8°28′30″W / 54.274°N 8.475°W / 54.274; -8.475
Wikimedia Commons: River Garavogue

Namnet Garavogue kjem frå det irske «Garbh Og». Tydinga til namnet er usikkert, men det kan koma frå garbh, som tyder 'ru' eller 'steinete'. På engelsk er ho òg tidvis blitt kalla Githy.[1]

Det tidlegare namnet på elva var Sligeach, som tyder 'rik på skjel'.[1] Dette namnet blei så gjeve til byen som vaks opp rundt henne, som i dag er kjend som Sligo, og til fylket han låg i, County Sligo.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «An Gharbhóg». Logainm.ie (Placenames of Ireland). Dublin City University with the Placenames Branch. Henta 18. mars 2020. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.