County Sligo (irsk Contae Shligigh) er eit grevskap i Republikken Irland vest på Irland i provinsen Connacht.

County Sligo
Contae Shligigh
Våpen
Del av Irland
Hovudstad Sligo
Areal 1 837 km²
Folketal 60 894 (2006)
Folketettleik 33 / km²
Provins Connacht
Bilnummer SO

County Sligo
54°15′0″ N 8°40′0″ W
IrelandSligo.png
Wikimedia Commons: County Sligo
Nettstad: www.sligococo.ie

County Sligo grensar til Mayo i vest, Roscommon i sør og Leitrim i aust. I nord ligg Atlanterhavet. Kystlinja er broten av ulike steinformasjonar og buktar som Killala Bay og Sligo Bay ved byen Sligo.[1]

Gravstader i Carrowkeel.

Grevskapet blei danna av sir Henry Sydney i 1579.[1] Det finst ei rekkje førhistoriske byggverk i stein her, som Meadbhs grav på toppen av Knocknarea og ei rekkje steinaldergraver mellom Carrowkeel og Knockalongy.

Forfattaren og nobelprisvinnaren William Butler Yeats var mykje av barndommen sin nord i Sligo og landskapet der inspirerte mykje av poesien hans. Han sa sjølv at «staden som mest har påverka livet mitt er Sligo».[2]

Byar og landsbyar i County SligoEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Reiseguide for Sligo frå Wikivoyage

KjelderEndra